Øygarden Kommune

Øygarden kommune  

Øygarden ber namnet med rette. Nær 550 holmar og skjer, vill natur, mykje himmel og mykje hav pregar kommunen, som ligg berre 40 minuttar i køyretid frå Bergen sentrum. Mot vest ligg storhavet og mot aust ligg fjorden og fjella. Den vakre naturen gjer at kommunen også satsar på turisme og opplevingar.

Øygarden er vertskommune for store olje- og gassanlegg. Olja vert skipa ut med båt og gassen går til Europa i rør. Oppdrettsnæringa er også stor i Øygarden. Dette kjem mellom anna til syne gjennom etableringa av Øygarden Visningssenter AS. Før var primæringane viktige. Desse næringane kjem no noko i skuggen av ei moderne industriell utvikling.

Øygarden er ein del av Region Vest som inkluderer nabokommunane Askøy, Fjell og Sund, med vekst både i folketal og sysselsetting. Mange som bur i Øygarden har sitt arbeid i desse kommunane og i Bergen.

Øygarden har hamneanlegg og store næringsareal tilgjengeleg. Vegnettet er godt utbygd. Administrasjonssenteret i kommunen ligg på Rong. Rong vert no vert utvikla til å verta eit sentrumsområde for kommunen.

Fakta om kommunen:

Areal:          64,2 km2

Folketal:     4265 pr. 1.1.2010

Tilsette:      360 årsverk

Næringsareal:      1600 mål tilgjengeleg

Ledige tomtar:      ca. 545

                                                      Kontaktinformasjon: http://www.oygarden.kommune.no  - postmottak@oygarden.kommune.no                                                                             

Kystperlen