Miljø og bærekraft

Havbruk er no ei stor næring. Det er difor viktig å vera medviten den påverknaden oppdrett har på miljøet utanfor merdane. På den eine sida kan me sjå på havbruk som ei svært miljøvennleg næring - det er få former for produksjon av mat som gjev så låge utslepp til luft, så høg utnytting av fóret og som brukar så lite medisinar. På den andre sida er det fleire forhold ved oppdrettsnæringa som kan vera problematiske, først og fremst lakselus, røming og fórkjelder.

Kystsone og arealbruk

Ein levande kyst byr på mange gevinstar og gleder, men også på utfordringar. Dei mange og ulike interessene for kystareala set store krav til samordning og god planlegging. 

Lakse- og aureoppdrett har vakse vesentleg dei siste 10 åra. I same periode har likevel talet på lokalitetar vorte redusert med 40%. Anlegga er altså færre samstundes som produksjonen av mat har auka. 

Det er dei siste åra sett i verk mange og ulike tiltak for å tilpassa havbruksnæringa til andre viktige interesser langs kysten:

  • 96% av kystkommunane har eigne kystsoneplanar; gjennom demokratiske og opne prosessar vert konfliktar dempa og ulike interesser samordna
  • Stadig strengare krav til nye lokalitetar for oppdrett. Oppdrett vert samla på færre, betre og godt undersøkte lokalitetar.
  • Ei rekkje fjord- og kystområde er eller vert planlagt verna
  • Alle lokalitetar skal etter avslutta produksjon ha ei viss kvile- eller brakkleggingstid
  • Dei nye sjøanlegga er kompakte anlegg som stadig reduserer arealbehova på land 

Lakselus

Lakselusa er ei utfordring for havbruksnæringa og for den ville laksefisken. Sidan me i Norge både har viktige laksestammar og ei stor oppdrettsnæring, må målet vera å ta vare på begge delar. For oppdrettsnæringa er det viktig ikkje å skada villfisken. Lakselus er ein parasitt som finst naturleg, men når mange laks vert samla i eit oppdrettsanlegg kan det lett verta auka konsentrasjon. Dette er eit problem for oppdrettaren, ettersom oppdrettsfisken "smittar" villaksen. Det er normalt at laks har noko lus. For mykje kan svekka og øydeleggja villfisken.

I lakseoppdretta landet rundt vert fisken overvaka ved teljing av lus kvar 14.dag. Resultata vert rapportert til Mattilsynet og er tilgjengeleg på www.lusedata.no. Kampen mot lusa er altså tufta på rutinemessige kontrollar. Dersom talet på lakselus overstig eit visst nivå vert tiltak sette inn.

Det vert kontinuerleg gjort revisjonar og forbetringar i handlingsplanen mot lus. Koordinering av tiltak innan same geografiske område styrkar tiltaka på det einskilde anlegget. Brukte tiltak elles  - utover vidare forsking og utviklingsarbeid, er leppefisk (som et lakselusa), godkjente legemidlar og spesialfor.

Erfaringar frå dei siste åra og særleg frå 2009 har vist at lakselusa kan verta resistent mot legemidlar. Dette er ei stor utfordring for oppdrettsnæringa. Difor vert tiltak mot utvikling av resistens særs viktig i tida som kjem.

Røming

Både næring og styremakter har 0-visjon for røming av fisk. Røming er sterkt uønska både av omsyn til miljøet og til økonomiske tap i havbruket. Difor er det også eit mål at nivået på røming ikkje må gjera skade for villfisken.

Næringa sin vidare vekst og rammevilkår vert avhengig av evna til å visa berekraft i praksis – også på dette området. Difor er det gledeleg å lesa statistikk for røming for dei siste åra: etter 2006 har rømingstala gått monaleg ned – på same tid som produksjon av fisk har auka.  

Næringa, styremakter og forskingsmiljøa har i samarbeid gjennomført slike tiltak:

  • nytt og strengare regelverk
  • meir robust utstyr
  • betre rutinar, systematikk, koordinering og forsking
  • kompetanseheving om sikringstiltak o.a. blant oppdrettarane

Villaksen møter også andre menneskeskapte vanskar, av andre grunnar enn dei som har med havbruk å gjera. Difor har staten etablert 52 nasjonale laksevassdrag og 29 nasjonale laksefjordar. Der skal ein arbeida heilskapeleg for å sikra gode forhold for villaksen. På desse areala vert både oppdrettsnæringa og andre pålagt strengare restriksjonar enn det som gjeld elles. `

Næringssalt og CO2-utslepp

Oppdrettarane er sjølve ikkje tente med å overskrida bereevna på den einskilde lokaliteten. Difor vert anlegga i dag plasserte på grundig undersøkte og vel eigna stadar. Dette gjev betre og meir optimale tilhøve - jamført med tidlegare - både for fisken, produksjonen og for miljøet.

Utslepp frå oppdrett inneheld i hovudsak stoff som er ein naturleg del av økosystemet i havet. Kjeldene til utslepp av næringssalt og organisk materiale er stoffskifteprodukt, ekskrement og restar etter for. Dette gjev primært negative lokale verknader – og ikkje verknader over større område.

Når det gjeld utslepp er det forspel som har vore den viktigaste utfordringa. Det har vore gjort mykje forskings- og utviklingsarbeid på dette området. Dette vil halda fram, for å finna optimale foringsregime,  – både for fisk og for miljø.

Utslepp av klimagassar er låge i havbruket. Me brukar berre små mengder energi (fossilt brensel). I eit klimaperspektiv er oppdrettsfisk mykje betre mat enn kjøt, og kan til og med vera meir miljøvennleg enn matvarer frå drivhusa våre.

Kystperlen