Laksens liv

Egg

Laksen sitt liv tek til i ferskvatn - melke og rogn vert blanda til befrukta egg. I naturen skjer dette når laksen vandrar opp i elvene om hausten. Hoa grev eit "reir" på botnen, og egget ligg der gjennom vinteren og vert klekt på våren. I oppdrett skjer dette på eigne landbaserte anlegg. Melke og rogn frå utvalde stamfisk vert blanda, og etter om lag ein månad vert dette augerogn. Då kan me sjå augene til yngelen, som svarte prikkar inne i egget. Etter omtrent to månader vert egg til yngel. 

Stryking av stamfisk hjå Aqua Gen AS

Befruktning av egg hjå Aqua Gen AS

Yngel

Yngelen er ikkje ferdig utvikla når egget vert klekt og den er ikkje i stand til å ta til seg mat. Yngelen ligg roleg den første månaden og lever av ”matpakken” i plommesekken. Deretter må den finna maten sjølv. I naturen er laksen svært utsett i denne fasen, og mange vert mat for fisk og fuglar. I oppdrett må ein også passa vel på yngelen slik at den får rett mat og gode forhold elles.

       Plommesekkyngel

Fisken er yngel i om lag i eit år, då er den rundt 100 gram og har tilpassa seg livet i saltvatn – den har vorte smolt og kan setjast ut i ein open merd. I naturen tek det rundt to og eit halvt år før smolten tek til å samla seg til stimar og søm ut mot havet.

Laks

I naturen fartar laksen langt - mange heilt til Færøyane eller Grønland. Laksen er ein rovfisk og lever av å eta andre fiskeslag. I oppdrettsanlegga får laksen fór som ofte er laga av mange av dei same fiskeslaga som den et i naturen. Laksen veks mykje i denne fasen.

      Villaks på veg opp elva

Det tek altså eit år før yngelen vert 100 gram. Når den vert slakta eit og eit halvt år seinare er vekta i gjennomsnitt 5 kg. Då er laksen jamt over kjønnsmoden. I oppdrett vert fisken slakta før dette skjer, fordi det elles hadde ført til dårlegare kvalitet. I naturen vandrar den kjønnsmodne laksen opp i elva der den vart født - for å gyta. Mesteparten av laksen døyr etter gytinga. Enkelte vill-laks kan likevel overleva i ferskvatn gjennom vinteren, for så å vandra tilbake til havet når våren kjem. I spesielle høve kan laksen verta opp til 1,5 meter lang og 35 kg.

Kystperlen