Kystmuseet i Øygarden

                       Kystmuseet i Ovågen, Øygarden. Foto: Øyvind Blom

Kystmuseet i Øygarden ligg ved den gamle dampskipskaia i Ovågen. Museet formidlar kunnskapen om korleis menneska i Øygarden har brukt naturen rundt seg til å skapa seg eit livsgrunnlag og danne samfunn. Museet legg til rette for at dei besøkande skal få kjennskap til denne historia gjennom utstillingar, filmvising, guida utflukter og sykkelturar.

Hovudutstillinga ”Hav og vind – Jord og eld” viser korleis kystfolket har nytta naturen og ressursane ulikt gjennom tusenvis av år. Som besøkande får de kjennskap til korleis ulike samfunn har vakse fram i Øygarden, og korleis dagleglivet i dette vêrharde stroket av vestlandskysten har endra seg opp igjennom tidene.

Kystmuseet i Øygarden tek vare på kulturminne i sitt opphavlege miljø, både for samtida og for framtida. Ved museet ligg eit særeige sjøbruksmiljø med over 20 ulike sjøhus og naust med båtar og reiskapar. På kaien står det ei stor saltebu frå den tida då sildefisket framleis var rikt.

                                Naustmiljø ved Kystmuseet. Foto: Morten Wanvik

Etter besøket kan de nyta tradisjonsrik mat i kafeen eller ta turen innom museumsbutikken.

Kystmuseet i Øygarden har høg kompetanse på formidling, og vil kvalitetssikra formidlinga av oppdrettshistoria, og bidra til å utvikla gode opplevingsprodukt for visningssenteret. Kystmuseet i Øygarden har og visjonar om å utvikla gode produkt i lokalsamfunnet, og stegvis tilboda på landlokaliteten. 

http://www.museumvest.no

Kystperlen