Fiskehelse

Fiskehelse - antibiotika

I 2006 vart det brukt 1428 kg antibiotika i norsk havbruk, og av dette gjekk det 40% til  torskeoppdrett. Som ei samanlikning kan det nemnast eit forbruk på 6448 kg i landbruket. Landbruket er ei betydeleg mindre næring. Intensiv produksjon aukar ofte talet på sjukdomsutbrot. Sjølv om norsk akvakultur enno er ei ung næring, har kampen mot sjukdomar så langt vist ei positiv utvikling. 

Sidan 1990 har produksjonen av laks og aure vorte meir enn firedobla, medan talet av alvorlege sjukdomstilfelle er redusert med om lag 30%. I dei ti siste åra har antibiotikabruket i lakseoppdrett vore rundt 3% av det som var tilfelle i 1987. Gjennom nær kontakt og godt samarbeid mellom forsking, styremakter og næring har nye sjukdommar vorte identifiserte og effektive tiltak sette i verk.

Av generelle førebyggjande tiltak vert nemnd:

  • minimumsavstandar mellom lokalitetar og slakteri
  • obligatorisk helsekontroll
  • dagleg opptak av daudfisk
  • fiskehelsekrav til omsetnad og transport av levande fisk
  • krav om desinfeksjon ved slakteri, setjefiskanlegg o.a.

Sjukdomar kan vera ein betydeleg tapsfaktor i havbruket. Difor er det framleis stor trong for forsking og utvikling innan fiskehelse. Ingen kjente fiskesjukdomar utgjer helsefare for menneske. Sjuk fisk vert ikkje nytta til menneskemat.   

Kystperlen