Fiskefôr

Fiskemjøl og fiskeolje er den viktigaste delen av laksefóret. Råvarene er fiskeavskjer, bifangst av ulike slag og såkalla industrifisk - fiskeslag som ikkje vert konsumert av menneske.

Det har vore stilt spørsmålsteikn ved om fangsten av industrifisk; er den  berekraftig – vert artar truga av overfiske? Havbruksnæringa er også klar over at det er avgrensa kor mykje me kan henta ut frå havet, nokså langt oppe i næringskjedene.

Forprodusentane er pålagt både å dokumentera at råstoffet er fiska på ein forsvarleg måte og at det kjem frå regulerte, lovlege og godkjente fiskeri. Det vert også arbeida med systematisk sporingsdokumentasjon for råstoffet. 

Mange i næringa arbeider difor med å auka delen av vegetabilsk laksemat, både med tanke på bærekraft og økonomi. Om ikkje lenge reknar mange med å kunne produsera meir oppdrettsfisk enn det me tilfører av marint fór. Det føregår også på dette feltet omfattande forsking for å finna fram til ein mest mogleg berekraftig forproduksjon.

Det faktiske forbruket av marint råstoff til 1 kg oppdrettfisk er på knapt 1,5 kg. Bruk av dei ernæringsmessig høgverdige omega-3 feittsyrene i lakseforet er særs berekraftig: laksen tek vare på desse feittsyrene og gjer dei tilgjengeleg som mat til menneske. Andre husdyr (og kjæledyr) er i liten grad i stand til dette.

Dersom me samanliknar den biologiske forfaktoren; dvs kor mykje for som skal til for å veksa 1 kg - for laks, kylling og svin vert det 1,2 for laks, 2,5 for kylling og 3,0 for svin. Jamført med anna matproduksjon gjev altså laks og aure meir mat pr mengde råvarer.

I Noreg er det hovedsakleg 4 sentrale fiskefôrleverandørar. Sjå deira heimesider for utfyllande informasjon om fôret vi nyttar i oppdrettsproduksjonen.

http://www.skretting.no

http://www.ewos.no

http://www.biomar.no

http://www.polarfeed.no

 

  

Kystperlen