Fakta om næringa

 

Kvar dag året rundt vert det servert 27 millionar måltider norsk sjømat verda over. I dei siste tiåra har særleg produksjon og eksport av laks og aure auka monaleg. Såleis er Noreg i dag verdas nest største eksportør av sjømat, målt i verdi. Laks og aure representerer om lag 50% av all sjømateksport.

Når det går godt i fiskerinæringa, fører det til store ringverknader for næringslivet elles langs kysten: for kvart 10.årsverk innan fiskeri og havbruk skaper dette 8 nye årsverk i andre næringar:

  • det er meir enn 41.000 årsverk i den norske sjømatnæringa
  • samla verdiskaping (bidrag BNP) er nesten 39 milliardar kroner.
  • produksjonsverdien er 110 milliardar kroner – 40 milliardar er ringverknader

Mat frå havet er godt og helsebringande og verda treng stadig større mengder sjømat. Difor er det i alle si interesse, også oppdrettane, å ta vare på eit reint og rikt havmiljø.

Kystperlen