Blom Fiskeoppdrett

 

Blom Fiskeoppdrett AS er ei familieverksemd som no vert driven av andre og tredje generasjon.

Blom Fiskeoppdrett AS vart stifta i 1971 av oppdrettsveteranen Andreas Blom; ein av pionerane i Noreg innan oppdrett av laks og aure. Selskapet er i dag eigd av sønene Kjell, Jakob og Martin Blom saman med svigersonen Kornelius Flåten. Selskapet er i 2009 leia av Øyvind Blom – frå tredje generasjon.

Selskapet har ein stolt tradisjon innan norsk oppdrettsnæring, der grundaren Andreas Blom i ei årrekkje var sentral i oppbygginga av det som i dag er ei av Noregs største eksportnæringar. Han var formann i Norske Fiskeoppdretternes Forening, Fiskeoppdretternes Salgslag samt sentral i oppstarten av Norsk Lakseavl (Aqua Gen) på 80-talet. Han vart hausten 2009 heidra for dette arbeidet; ved tildeling av Det Kongelige Selskap for Noregs Vel sin sølvmedalje for framifrå arbeid for næringa.  

Andreas starta si yrkeskarriere som pur ung fiskar – og vart etter kvart ein mykje ettertrakta notbas. Først som leigemann på andre sine skuter og midt på 60-talet på ringnotbåten ”Blom”. Denne var kjøpt og eigd av Andreas og brørne m.fl. Etter nokre år gjekk Andreas i land og starta med utprøving på oppdrett av regnbogeaure – ikkje i merdar, men ved delvis avstenging i eit lite sund i Blomvågen. Dette var i nybrottstida – han måtte læra det meste sjølv og hadde ikkje andre sine erfaringar å bruka. Alt arbeid var manuelt, det var ikkje fiskefor å få kjøpt - heller ikkje utstyr og materiell – han måtte finna alle svara sjølv.

 

Det var slik det starta og det er slik det no har vorte! Blom Fiskeoppdrett er ei av nokså få små bedrifter som overlevde frå nybrottstida og fram til dagens moderne matproduksjon.  Det er i denne tradisjonen at etterkommarane no arbeider og har som oppdrag å vidareføra og vidareutvikla arven etter Andreas.       

 

Selskapet har 7 ordinære oppdrettskonsesjonar samt 1 visningskonsesjon. Desse vert drifta på 9 ulike lokalitetar: i Øygarden, Meland, Radøy, Austrheim, Masfjorden og Lindås kommunar i Hordaland. Hovudkontor og base for verksemda er no som før lokalisert til Blomvåg i Øygarden. Selskapet har 22 årsverk - hovudsakleg i Øygarden. Verksemda omsette for ca NOK 230 mill i 2010.

Selskapet vil produsera ca 7500 tonn med laks og aure i 2011. Dette tilsvarer for eksempel 10.000 slakta oksar eller 400 trailerlass med slakta fisk. Fisken vert slakta ved Sotra Fiskeindustri AS i Porsvika på Sotra, og vert eksportert til mellom anna Russland, EU, USA, Japan.

Me ynskjer å gjera oppdrettsverksemda tilgjengeleg for både fastbuande og gjestar, og vil gjerne vera ein pådrivar for rekruttering til fiskeri og oppdrett; m.a. gjennom samarbeid med skulane i Øygarden og med nabokommunane.

Verksemda siktar mot langsiktig eigarskap og lokalt engasjement. Blom Fiskeoppdrett AS ønskjer å skapa berekraftige verdiar for lokalsamfunnet og regionen for å sikra arbeidsplassar også i framtida. Me satsar vidare på å få utvikla nye produkt basert på laks og aure; med særpreg for smak, oppleving, opphav og historie.

 

Kystperlen