Besøk oss

For å besøka visningsanlegget og Kystmuseet kjører du til Kystmuseet i Øygarden. Dette tek ca 50 minutt frå Bergen sentrum. 

Opningstider i sesongen mai til august:

Mandag - Fredag:               kl. 11.00 - 16.00, båt frå Kystmuseet kl 13.00 og 14.00

Sundag:                                kl. 12.00 - 17.00, båt frå Kystmuseet kl 13.00 og 14.00

Laurdag:                               stengt

Båtturar med forbehold om vêrtilhøve. Aldersgrense 7 år.

Det vil seinare koma informasjon om og for skuleklassar 

Me tek deg ut til anlegget i vår POLARSIRKEL. Båten har plass til 13 personar inkl førar.

Billettprisar

Kystmuseet + Visningssenter Enkeltpersonar og grupper under 20 personar 100,-
  Grupper over 20 personer, og barn 80,-
Kun visningssenter Enkeltpersonar og grupper under 20 personar 80,-
  Grupper over 20 personer, og barn 65,-

For å tinga billettar: gå til "Kontakt oss" sida

 

 

Vis større kart

For at du skal kjenna deg trygg .... 

Øygarden Visningssenter er oppteken av at alle besøkjande opplever både båttur og vitjing på anlegget som trygt og behageleg. Me låner difor ut redningsvestar samstundes som me ber om at gjestane våre vert sitjande roleg i båten.

På anlegget er det høve til å spasera på gangvegane for å sjå nærare på fisken. Gangvegen er som ein smal flytande sti – og publikum må vera svært merksame og passa seg for å tråkka utfor og falla i sjøen. Difor er detventa at publikum har redningsvesten på – også på anlegget. Det er vidare plassert redningsbøyar på sjøanlegget.

Me produserer matfisk. Fisk er husdyr som må røktast godt. Publikum må ikkje kasta noko uti til fisken. Under omvisinga kan det verta høve til å gje fisken litt fór.

 

Born kan ikkje vitja anlegget utan å vera under tilsyn av vaksne.  Born har heller ikkje høve til å gå på gangvegane åleine. Det er røyking forbode på heile anlegget.

Visningssenteret har avgrensa ansvar for gjestane sine, og publikum må følgja våre instruksar for å ta vare på eigen tryggleik.

Kystperlen